Kvinnenes internasjonale bønnedag

Følgende invitasjon har kommet til oss fra Fræna:

Sidan 1887 har det vore arrangerte Kvinnenes internasjonale bønedag over heile verda. Det er ulike land som har ansvar for å forberede samlinga kvart år, og i år er det Surinam i sør-Amerika som har laga programmet. I Fræna er det ein tverrkyrkjeleg komite som arrangerer bønedagen, og vi skiftar på kor samlingane er.

I år er samlinga i fredag 9.mars kl.1800 på Bud bedehus. I tillegg til det oppsatte programmet med bøner og informasjon om Surinam, vil Liv Ellinor Drejer halde andakt. Det vert song, servering og moglegheit til å kome med eit vitnesbyrd om nokon vil det. Vi samlar og inn ei kollekt til traumebehandling og bevistgjering av barn og unge i Surinam. 

Vi ønskjer å inviterer kvinner frå Eide til å vere med, og håper nokon vil ta turen til Bud!

kv int bd 18