OPNE KYRKJER – MEN IKKJE HEILT MED EIN GONG.

«Kyrkjene åpnar igjen til helga», har det vore sagt i media det siste døgnet. Og ja: no er det lov til å feire gudsteneste igjen. Vi gler oss til vi kan samlast i kyrkjene! Det betyr likevel ikkje at vi er tilbake til normalen igjen med det første. Her i Hustadvika gjennomfører vi planane vi har med digitale gudstenester/andakter til over 17.mai, så vil vi komme tilbake til korleis vi skal gjennomføre gudstenester etter det.
No på søndag blir det vårsanggudsteneste frå Vågøy kyrkje på YouTube og Facebook Og på 17.mai blir det feiring frå ulike kyrkjer som også kjem på desse sidene og i kommunen sitt fellesprogram.